Urnes stavkyrkje har fått ein ny formidlingsarena med opninga av «Vår verdsarv»-utstillinga på Fjordstova i Skjolden i Luster.
Utstillinga skal styrkje formidlinga og forståinga av UNESCO verdsarv og dei åtte norske verdsarvstadene; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, Røros bergstad og Circumferensen, Rjukan-Notodden Industriarv, Vegaøyan, Struves meridianboge og Bergkunsten i Alta. Gjennom vakre bilete og interaktive opplevingar blir dei besøkande tekne med til verdas viktigaste natur- og kulturområde, og får informasjon om verdsarvkonvensjonen frå 1972. Norges Verdensarv og Riksantikvaren er ansvarlege for utstillinga som skal vere eit tilbod ved alle dei norske verdsarvstadene.
Utstillinga er plassert i Fjordstova, eit fleirbrukshus i Skjolden, og vil ha tilhald der til eit nytt verdsarvsenter for Urnes stavkyrkje står klart på Ornes i 2028. Til Skjolden kjem tusenvis av cruiseturistar, og utstillinga vil vere eit viktig bidrag til aktivitet og opplevingar for dei mange som kjem i land.
Opningstider:
Dagleg ope i perioden 24.06 – 30.09
Kl. 09.00 – 16.00
Utstillinga er bemanna
Inngang:
Vaksen: kr. 50,- NOK
Barn (0–16 år): Gratis